Aktivitetar

Utforsk spora frå vikingtida i Hyllestad

Ved eit besøk hos oss vil du oppleve at nokre av spora frå vikingtida framleis er å finne i regionen vår, både i form av mat, handverk og tradisjonar. Du vil høyre om gamle handverksteknikkar, mattradisjonar, planter og eldgamal folketru og mystikk. Du kan til og med få høyre om nokre hemmelegheiter frå området vårt, som svært få veit om i dag.

På et besøk hos oss vert du ynskt velkommen som våre private gjestar, med den tradisjonelle gjestfridomen som er rotfesta i kulturen vår.

Introduksjon til vikingtida

  • 4 timar
  • maks 6 personar
  • NOK 800,- pr p.
  • Introduksjon og lunsj – vi prøver litt vikingtidsmat, og får ei innføring i konservering, matkjelder, tradisjonar mm. 
  • Krig og konflikt –  eller fredelege bønder? 
  • Korleis var vikingtida i vårt område? – Lokale funn og gjenstandar
  • Oppvekst i vikingtida
  • Den viktige båten
  • Klede og tekstil – Lokale ressursar – ull og fiber
  • Gamal folketru og mystikk

Tekstilhandverk i vikingtida

  • 4 timar
  • maks 6 personar
  • NOK 800,- pr p.
  • dei ulike fibra animalske/vegetabilske
  • kamming, spinning, veving
  • dei viktige sauene
  • korleis farge ull?
  • dei eldgamle symbola i tekstilane – eit hemmeleg språk?
  • Vikingspora – kva har vi att av tekstiltradisjonane frå vikingtida i dag?

Berekraftige vikingar – introduksjon til berekraftig bruk av natur og naturressurser

  • 4 timar
  • maks 6 personar
  • NOK 800,- pr stk
  • Mat – kva åt vikingane?  – konservering og ernæring
  • Plantebasert medisin – før og no
  • Tekstilfiber – korleis laga dei kleda sine – og av kva?
  • Handverk og handel –  Det var ikkje berre berekraftig – kva kan vi lære av fortida sine feil?
  • Korleis kan vi bruke gammal kunnskap til å verte meir berekraftige forbrukarar i dag?
  • Prøv litt handverk sjølv -Viss vèret tillet det, går vi ein tur i vikinghagen vår for å sjå på tradisjonelle planter og mat- og medisinkjelder.

Introduksjon til Nålebinding – vikingane si “strikking”

  • 3 timar
  • maks 4 personar
  • NOK 700,- pr p.
  • Kva er Nålebinding?
  • Du lærer nokre enkle bindingsteknikkar, som gjer deg i stand til å lage vottar, sokkar eller ei lue.
  • Nål og ullgarn er inkludert i kurset.

Bandveving på grindvev

  • 3 timar
  • maks 4 personar
  • NOK 700,- pr p.
  • Introduksjon – Kva er ein grindvev? 
  • Lær om lokale vevtradisjonar – kvifor trong ein vovne band?
  • Material og teknikkar
  • Tydinga av mønster og symbol i banda
  • Prøv sjølv – lag ditt eige band på ein tradisjonell grindvev

Introduksjon til vikingvevenOppstadvev

  • 3 timar
  • maks 4 personar
  • NOK 700,- pr p.
  • Introduksjon – kva er ein oppstadvev?
  • Korleis bruke ein oppstadvev?
  • Vikingtidssauen
  • Varafeld og åkle – dei ulike tekstiltypane frå ein oppstadvev.
  • Prøv å veve sjølv