Viking Footprints er basert i Hyllestad, og består av Frøydis og Mal.

Vi er…

…historie-entusiastar

Vi er begge historie-entusiastar og utforskar spora frå vikingtida i lokalområdet vårt. Dette formidlar vi vidare til gjestar og lokale innbyggjarar.

…guidar

Vi er og guidar, og har ulike tilbod på guiding både i nærområdet og andre stader i landet.

…opptekne av den immaterielle kulturarven

Vi er opptekne av den immaterielle kulturarven, og lærer gjerne vidare det vi kan innan tradisjonshandverk til andre gjennom formidlinga vår.